Dei kule guttane mot Tante Jassnik's stepsons

Ungdomsrådet på Fitjar arrangerte kveldscup 16.mai.

Ein kan seia mykje om dagens ungdom, men å organisera det kan dei. Kveldens idrettscup gjekk for seg heilt utan problem, og dei 8 laga som spela, pluss dei mange tilskodarane hadde ein fin kveld.

– Me hadde ikkje trudd at so mange lag kom til å stilla, so me er veldig nøgd, fortalde leiar i Fitjar ungdomsråd Oda Volden de Fine. Ho legg likevel ikkje skjul på at dei ei lita stund vurderte å avlysa cupen.

– I starten var det berre 2 påmeldte lag, men so meldte 6 lag seg på det siste døgnet før påmeldingsfristen. Planlegginga har elles gått veldig fint, og me hadde ikkje noko problem med å få nok vakter til å stilla, seier den takknemlege leiaren.

Ho ynskja elles å takka Sparebanken Vest og Spar Fitjar for sponsinga av premie og mat.

GucciGang(i svart) mot Nab IL

«Guccigang»

Dei 8 laga gav alt, eit av dei det blanda laget «GucciGang» .

– Me er eit blanda lag av jenter og gutar, men me er ogso aldersblanda, og har spelarar i frå 8.til 10.klasse, fortel Marius og Alma.

–  Me hadde meldt oss på utan lag, og vart plassert på dette laget faktisk, fortel Alma og Marius, som har det kjekt på cupen.

- Annonse -

– Hittil har me berre tapt kampar, men me spelar betre og betre saman, fortel dei to energiske ungdomane, når me snakka med dei.

Alma og Marius(gule vestar) i aksjon under ein omgang innebandy.

– Det er kanskje det som er ekstra kjekt med ein slik cup, at ein ser at ungdomar i alle aldrar heng saman. Til dømes «GucciGang», som er ein lag satt saman av folk som ikkje vanlegvis er saman, fortel leiar i rådet, Oda Volden de Fine. Ho er ogso glad for at dei valde innebandy og dodgeball.

– Det er fint å arrangera noko anna enn standard fotball- og handballcupar, dette er sportar der ingen utmerkar seg spesielt over andre.

Imponert over dei unge

Midt i 17.mai-rushet var det kjekt å sjå at so mange vaksne hadde teke seg tid til å hjelpa til.

– Det er imponerande å sjå kva ungdommen på Fitjar får til. At dei har klara å samla so mange ungdommar i ulike aldrar til eit slik flot sportsarangement er heilt utruleg, fortalde Olav Oma, ein av kveldens vakter.

MOT Fitjar som ogso var til stades under cupen, syntest det var flott å sjå at so mange valde å ta turen til kultur- og idrettsbygget denne kvelden.