Orda ovanfor tilhøyrer Hans Birger Nesbø. Han var ein av deltakarane på møtet «Norges låver» og kulturminnevern i Fitjar i rådhussalen i går kveld. Reidar Kloster såg òg for seg utfordringar. På biletet ser me Reidar f.v. og Hans Birger. Foto: Håkon C. Hartvedt

Han viste til kultursjef Bente Bjelland sitt innlegg der ho informerte om kulturminneplanen i Fitjar. – Kjekt at folk tar vare på ting, smiler Hans Birger, som i det heile syntest det var eit interessant og greitt møte. 

Frå forsamlinga. Steinar Sørli framme i blå genser skrytte innleiingsvis av Åse Nøttveit. – De er heldige som har ei som ho i kommunen, sa han mellom anna. Ved sida av Sørli sit kultursjef Bente Bjelland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Steinar Sørli frå fylket snakka om «Ny bruk av gamle landbruksbygg» og nemnde både idear som selskapslokale og gardsturisme i tillegg til å informere om aktuelle tilskotsordningar. Dette følgde Hans Birger Nesbø spesielt godt med på. – Eg har jo ei gamal løe som det har vore grisedrift i, men no står tom, sa han, og gledde seg òg over BT-journalist Eva Røyrane si bok «Den store låvereisa». – Eg hadde boka frå før, og ho er svært interessant. Synd at ingen løer frå Fitjar er med, men at dei har funne plass til løa til Jens Litlabø på Stord, er bra, sa han. I tillegg heldt Elisabeth Warren frå fylkeskommunen eit innlegg om kva rolle fylkeskommunen har i Fitjar sitt kulturminnevern.

 

Eva Røyrane og Elisabeth Warren. Foto: Håkon C. Hartvedt

Reidar Kloster syntest òg vel om møtet, men vart sitjande å jobba med tankar og utfordringar som dukka opp medan han høyrde på.

– Det er kome eit krav om at innan ni år skal det vere lausdrift. Om det ikkje vert bygd om eller bygd nytt, vil det berre vere tre bruk som kan drive i Fitjar då. Å byggje om driftsbygningar frå 70-80-talet, verkar ikkje fornuftig. Såleis vert det ei utfodring: – Kva vil bøndene / myndigheitene gjere med dette? undra Kloster.