Festpynta forsamlingar samla seg rundt barnet i krybba og juletreet både i gymnastikksalen på Øvrebygda skule og på Fitjar bedehus i ettermiddag.

Frå Øvrebgyda har me fått melding om ein kjekk fest med lesing av juleevangeliet, ung programleiar, andakt ved søndagsskulekonsulent Elisabeth Fauskanger og gang rundt juletreet.

Det var og matpause med mange gode kaker, som fall i smak hos både liten og stor. Ungane fekk og posar med noko godt i.

Det var ikkje like mange på festen i år som i fjor, fortel Fitjarposten sin utsending Turid Sandvik. Dette kan kanskje skuldast influensaen og spysjuka som herjar bygda vår, for trenden var den same i sentrum.

Trass mykje sjukdom var nærare 100 små og store samla til søndagsskulen sin julefest på Fitjar bedehus.

Då ein kom innanfor døra på bedehuset vart ein møtt av to smilande jenter som delte ut pepperkakehjerter og ynskte kvar og ein velkomen.

Ungar frå søndagsskulen deltok og aktivt på festen med opptrinn om dei tre vise menn som hylla Jesus-barnet, song, som forsongarar og som deltakarar i blåsegruppa som akkompagnerte juletregangen.

Elisabath Fauskanger kom direkte frå festen i Øvrebygda og framførde den same bodskapen begge stader, bodskapen om Han som gjekk vegen frå krybba til grava og slik opna vegen til Himmelen. Han er blant oss i dag, han kan vera mange stader samstundes og han vil alltid vera med oss.

Det var flott servering av påsmurde rundstykke i tillegg til julekjeks og mandarinar. Dette var utanom tradisjonen og er for at alle små, og store, skal vera klar til å hoppa rett til køys når dei kjem heim etter søndagsskulefest, forklarer søndagsskuleleiarane, som vil retta ei stor takk til bestemødrene som stilte som smørehjelparar på kjøkenet.

Ungane var akkurat passe ville, slik dei skal vera på ein slik julefest og slik at nokre foreldre vart litt sveitte og strevde med å få dei med seg heim att. Det er kjekt å vera på fest på bedehus, sa dei små, men det tar og på, så halvannan time er nok.

Festen vart avlsutta med gang rundt juletreet. Dette er ein kjekk skikk som både unge og eldre set pris på. Ekstra feststemning vart det av at pianist Astird K. Prestbø fekk hjelp av ei gruppe beståande av åtte messingblåsarar til å akkompagnera songen under juletregangen. På turane rundt juletreet var ein innom hoppeland, gåing rundt ein einebærbusk, klapping og synging, bukking og neiing og mykje meir før det heile vart avslutta med å knytta kjærleiksband i siste verset av O, jul med din glede.

På Fitjar bedehus har søndagsskulen no juleferie, men dei startar opp att med vanlege samlingar søndag 9. januar klokka 11.00, og då er både «gamle» og nye søndagsskuleungar velkomne, sa søndagsskulelærar Trygve Eiken heilt til slutt.

Klikk på bileta for å sjå dei i større format!