Kjekke jenter med garasjekafé, f.v. Lyka Emilie, Tuva og Helena. Foto: Kjetil Rydland.

Laurdag ettermiddag laga tre kjekke jenter til garasjekafé i Bustebrotet byggjefelt i Øvrebygda, og naboar, slekt og vener nytta høvet til å samlast over ein kopp kaffi og god mat.

Dei tre jentene har førebudd seg i lang tid til dagens garasjekafé, og det var råd å sjå både på dei fine forkleda og på den varierte menyen. Kaffi, saft, betasuppe, lappar og ulike kaker gjekk ned på høgkant, for naboar, slekt og vener strøymde på frå alle kantar.

Jentene heiter Lyka Emilie Tislevoll (8), Helena Skarpnes Røyrøy (6,5) og Tuva Rasmussen Tverborgvik (4), og dei har fått god hjelp med det flotte arrangementet av tante Liv (Rasmussen) som bur i eit av nabohusa i Bustebrotet. Liv fortel at ho har sydd forkle saman med dei tre jentene i kjellaren sin. – Og det har vore veldig kjekt! forsikrar ho.

Det var tydeleg at folk sette pris på å møtast ein slik regntung laurdag ettermiddag. Mor og far til ei av dei tre jentene er Kristine Skarpnes og Alf Røyrøy. Dei eig den store, veleigna garasjen, og Kristine fortel at dei hadde eit litt mindre prøvearrangement for kort tid sidan, med suksess. Den gongen gjekk inntekta til Redd Barna.

Kristine vedgår at det er ekstra viktig å møtast i desse dagar, når skulen i Øvrebygda er truga av nedlegging. – Me treng å samlast no, seier ho. Og nyttar høvet til å minna om den årlege kveldaseta, som blir skipa til førstkomande torsdag, dagen etter at skulen truleg er vedteken nedlagt. Som vanleg skal pengane frå kveldaseta gå til årets TV-aksjon, som er til inntekt for Kirkens Bymisjon.

Stemninga i garasjen var god trass i dei mørke skyene frå den politiske kvardagen og striregnet ute.

– Dette er ei god oppvarming til neste søndag, når eg skal gå med bøssa for TV-aksjonen, smilte Sissel Jørgensen.

Det kom inn heile 3182 kr til TV-aksjonen, får me opplyst i kveld. Godt jobba!

Odd Sverre Larsen, Sissel Jørgensen og Sonja Fitjar Waage forsyner seg av det rikhaldige bordet. Foto: Kjetil Rydland.