Det var mange store og små som var samla til familiegudsteneste i Fitjar kyrkje i samband med søndagskulen sin dag. Etterpå gjekk dei til Fitjar bedehus for å vera med på søndagsskuletivoli der.

Barn og vaksne frå alle søndagsskulane i bygda var samla og deltok aktivt i gudstenesta som vart leia av sokneprest Olav Johannes Oma. Me som var tilstades fekk vera med på ei variert gudsteneste, med song av søndagsskulebarna, korpsmusikk av mange lovande musikkantar og dramatisering av dagens preiketekst.

Mange følgde korpsmusikken opp til Fitjar bedehus. Her kunne ein metta seg på varme pølser, kaker, lapper, boller, brus, saft og kaffe. Veret var topp og det var ein flott utekafe på parkeringsplassen.

Alle barna og dei vaksne kunne delta på mange ulike aktiviteter som m.a. sminking, køyring med radiostyrde bilar, tippekonkurranser, fisking, skyting på blink og spikerkonkurranse. Arrangørane hadde førebudd seg godt slik at dagen vart triveleg for både vaksne og ungar.