75 små og store var med på Fitjar søndagsskule sin avsluttingstur til Øvrebygda skule. Ein kjekk tur med både litt alvor, stor spenning, mykje godt humør og svært mykje liv og røre.

Slike avsluttingsturar har vore tradisjon i søndagsskulen i fleire generasjonar, og som alltid starta ein med ei enkel søndagsskulesamling der ei Bibelforteljing stod i sentrum. I år var turen lagt til Øvrebygda, og med truande regnskyer ute var det godt å kunne samlast inne i gymnastikksalen på Øvrebygda skule. Torunn hadde med seg flanellografen og fortalde om den etiopiske hoffmannen som var den første afrikanaren som fekk høyra om Jesus.

Det er inga premiering for flest oppmøte på søndagsskulen, men alle som hadde vore innom i året som hadde gått fekk ei sommarhelsing frå søndagsskulen. Forventinga lyste av augo på både små og store søndagsskuleungar då leiar Astrid Koløen Prestbø las opp namna og ungane fekk koma fram for å få kvar si gåve frå søndagsskulen. Dei yngste fekk ein sommar-Cd som heitte «Gulliver og reisen til Nåde». Dei eldre fekk kvar si bok og dei aller eldste fekk drikkeflasker. Hjelpeleiarane og søndagsskuleleiarane vart og heidra med sommarhelsingar.

Det tok etter kvart til å «romla» i magane og ungane var klar for å finna fram pølsene. På ei lun side av skulen var det fyrt opp i fleire grillar, og med opplett ver var det duka for eit godt utemåltid. Ungane hadde ikkje ro på seg til å sitta ned lenge og var snart klare for den annonserte sporleiken. Etter nokre teoretiske og nokre praktiske oppgåver ute bar det inn i gymsalen for dei siste spennande konkurransegreinene; papirflykasting og solstol-draging. Dei nye og spennande oppgåvene lokka fram konkurranseinstinktet hos både små og store. Etter at sporleiksjef Lars Vestbøstad hadde finrekna på resultatet viste det seg at det var det lavt profilerte laget til Sofie Rimmereid som stakk av med sigeren. Dei fekk mange lange og misunnelege blikk frå dei andre då dei mottok premien som bestod av eit snopeglas med ikkje mindre enn 100 godteri oppi.

Hovudleiar i Fitjar søndagsskule, Astrid K. Prestbø, opplyste til slutt at med denne turen tar søndagsskulen på Fitjar bedehus sommarferie, men startar opp at til hausten med søndagsskulens dag 4. september. Etter det vert det søndagsskule kvar søndag utover hausten, bortsett frå dei søndagane det er familiegudsteneste i kyrkja.

Veret heldt seg bra lenge, men i det den store forsamlinga forlét Øvrebygda skule kom dei første regndråpane, og før leiarane hadde vaska og rydda ferdig, høljeregna det. Søndagsskuleleiarane med Astrid K. Prestbø i spissen var takksame for å ha kunna avslutta søndagsskuleåret med ein vellukka avsluttingstur og sende ein ekstra tanke til dei som hadde kome syklande til Øvrebgyda og håpte dei hadde rokke tørre heim før uveret sette inn.