Aspirantane og juniorane i Fitjar skulekorps har vore på øvingshelg saman med juniorkorpset til Stord skulekorps, og helga vart avslutta med ein flott konsert.

Omtrent 40 foreldre, besteforeldre og søsken møtte fram for å få med seg den flotte konserten som var avslutninga på øvingshelga på Hystad skule. Etter mange timar med intens øving både fredag kveld og laurdag føremiddag var det ein spent gjeng i alderen 8 til 13 år som stilig entra scenen og imponerte dei frammøtte med spenstige, klangfulle, dynamiske, presise og svingande tonar. Det var messinginstruktør og dirigent i Fitjar skulekorps, Svein Roger Koppang, som styrde taktstokken med god hjelp av instruktørane Anne Lunde og Ragnhild Prestbø.

På Fitjar er det 9 juniorar og 8 aspirantar, og av desse var 15 med på øvingane saman med 10 juniorar frå Stord skulekorps. Musikantane fann godt tonen, både musikalsk og sosialt, nye vennskap vart knytta og nye musikalske ferdigheiter øvd inn. I tillegg til øving var det god tid til leik og annan aktivitet, og det satte dei unge musikantane, som til tider hadde mykje lopper i blodet, stor pris på. For mange var det aller kjekkast å få overnatta på skulen på flatsenger, men dei syntes og det var veldig, veldig kjekt å spela konsert. For foreldra som var publikum var avslutningsnummeret Brown girl in the ring eit absolutt høgdepunkt, men det var heller ikkje å forakta å få heim ungar som ikkje var aldeles utrangla, men som hadde sove godt om natta.

Dirigenten var svært nøgd med helga og håpar dei gode erfaringane fører til fleire slike samarbeid. Det vil i tilfelle gle musikantane frå Fitjar, som allereie på veg heim snakka om kor tid dei får møta att dei nye musikalske vennene sine frå den andre sida av øya.