Fitjar juniorkorps hadde øvingshelg på Rimbareid skule saman med Stord juniorkorps 17.-18. september. Helga vart avslutta med ein livleg og spenstig konsert for foreldre, søsken og andre frammøtte.

Det var stor gjensynsglede då 21 juniormusikantar frå Fitjar skulekorps og frå Stord skulekorps møttes til øvingshelg på Fitjar. Stort sett same flokken var samla til felles øvingshelg på Hystad skule for eit halvt års tid sidan, og no såg dei fram til å møtast igjen, spela saman og leika saman. Musikantane vart innlosjert på SFO avdelinga på Rimbareid barne- og ungdomsskule, og øvde på musikksalen på ungdomsskulen. Det var dirigent og messingsinstruktør Svein Roger Koppang som leia øvingane med god hjelp frå Anne Lunde og Ragnhild Prestbø, seniormusikantar i Fitjar skulekorps og elevar ved musikklinja på Stord vidaregåande skule. Øvingane var intense men varierte, prega av leik, underhaldning og svingande rytmar, og gav stor framgang.

Nesten like viktig som den musikalske beten var den sosiale delen av helga, med nye venskap, styrking av gamle vennskap, gode måltid, fotballspeling, sporleik og kveldssamling med pysj, soveposar og dyner, levande lys på trygg avstand og spennande eventyr. Etter ein slik intens dag var det ikkje rart at det ikkje tok mange minuttane før alle juniorar sov søtt på putene sine, på tross av at dei sov trongt, madrassane knirka og god natt-eventyret hadde vore skummelt. Den største utfordringa for nattevaktene var at det var så stille at det var vanskeleg å halda seg vaken.

Neste morgon var det duka for meir god mat, meir øving og til slutt konsert for foreldre, søsken og andre interesserte, i hallen på ungdomsskulen. Hallen vart i trongaste laget for alle som kom for å oppleva samspelet til dei lovande korpsmusikantane. Publikum fekk innblikk i ulike øvingsmetodar og gjennom eit rikhaldig, livleg og imponerande program fekk dei oppleva flott musikk og stor speleglede. Eit langt frå objektivt publikum let seg riva med og applauderte  oppglødde etter siste nummer. Musikantane strålte like mykje, og var heilt klare for ei ny øvingshelg, gjerne allereie neste månad.

Heile øvingshelg-gjengen.