Me fekk eit nytt prov på at open dag har blitt ein god tradisjon, me som møtte opp på Årskog museum søndag ettermiddag, sjølv om vêret la ein viss dempar på stemninga.

Det blei kanskje ikkje like mykje «pust i påsen» som det plar vera når det er open dag på Årskog museum. Gråvêr og kollisjonar med andre tiltak får ta skulda for det, for programmet til Sunnhordland museum, kulturkontoret til Fitjar kommune, Husflidslaget og Fitjar bygdekvinnelag var ikkje verst i år heller.

Som i fjor fekk me spandert nysteikte flatbrød med heimelaga smør, og i stovene sat kvinnene og strikka. Og som vanleg stilte bygdekvinnene opp med kafé i barnehagen. Og Hilma Lønning demonstrerte oppstadvev til alle som ville sjå.

Også denne gongen var det mykje anna kjekt tidsfordriv for ungane. Men dagens høgdepunkt både for små og store var utan tvil formidlingsleiar Johanne Øvstebø Tvedten, som framførte «Gutane på Tedneholmen» av Ragnvald Vaage. Slik berre Johanne kan det, og det var ikkje berre dei små som sat fjetra i godt over ein halvtime.

Det hadde absolutt vore plass til fleire på museet denne gongen òg, men dei som kom, fekk ei triveleg stund. Og ingen av oss vil gløyma «Gutane på Tedneholmen».

 

- Annonse -