Teaterelevar og fløytistar framførde «Frosken som er lei seg»: Foto: Helga Rimmereid

Kjekk og variert sommarkonsert

Ein nesten fullsett kultursal fekk oppleva over 50 kulturskuleelevar og mange ulike sjangrar under den årlege sommarkonserten til Fitjar kulturskule.

Teatergruppa inntok scenen med to små teaterstykke; «Kjærleikstur i ein kano» og «Frosken er lei seg». På sistnemnde hadde dei og med seg fløytistane Eline Stokken og Hanna Lovise Vestbøstad, og bodskapen om at av og til når ein er lei seg må ein grina for å kunne bli glad i igjen, kom godt fram. Flinke skodespelarar og flinke musikarar. Så var det ekstra kjekt at og kveldens konferansierar var henta frå teatergruppa. 10.- klassingane Maria Synnøve Toskedal Koløen og Eli Inntveit hadde kontroll på programmet, og saman med teaterstykka batt dei konserten fint saman.


Pianistane Maria Korsvik og Martha Westerheim med ei flott firhendig framføring av Julie Bergan-låta «Arigato». Foto: Helga Rimmereid

Piano er eit populært instrument i  kulturskulen og me fekk høyra mange av pianoelevane under konserten, med alt frå to til seks hender på pianoet på ein gong. Spennande og kjekt med slike fleirhendige stykke og imponerande når dei unge pianistane Malin Stokken, Hildegunn Aadland og Anna Fitjar Hjelle får til godt samspel med heile tre par hender på pianoet samstundes. 

Dans er til å bli i godt humør av og dei frammøtte fekk oppleva det tre gongar. Først dei yngste danse-jentene med sjarmerande dyredans, så dei mellomste med sprek jazzdans og til slutt dei eldste som svinga seg til fengande 60-talsrytmar. 
Mathea Olsen Vik, Hanna Vestbøstad, Irmelin Havn og Mathilde Øien Kloster svinga seg lett og flott i dansen. Foto: Helga Rimmereid

Både fløyte- og fiolin-elevar var og med på konserten, og fleire gitarnummer stod på programmet.  Me lot oss imponera av dei alle og veit det ligg mykje øving bak både fløytetonar, rett traktering av fiolinbogen og fingerspel på gitaren. Heldige ungar som får læra dette i ung alder.


Leander Miland Helland med flott fingerspel på «Reodors Ballade!. Foto: Helga Rimmereid 

Fire gode songarar inntok scenen og heilt til slutt fekk me møta ein stor flokk med tromissar som leverte eit bankande fyrverkeri av eit avsluttningsnummer med tittelen «Namnlause hestar». 


Svingande flott rytmeorkester framførde «Namnlause hestar». Foto: Helga Rimmereid

Som det seg hør og bør på ein sommarkonsert i kulturskuleregi, vanka det varmande ros og kjølande is til alle dei flinke kulturskuleelevane etter vel gjennomført konsert. 


Kulturskulerektor Håvard Kroka takka til slutt alle dei unge musikarane, dansarane og skodespelarane, og lærarane deira, for ein flott konsert. Foto: Helga Rimmereid