Det var svært nøgde fjerdeklassingar som avslutta eit tre timars strikkeprosjekt tysdag, etter at Fitjar Husflidslag hadde stilt med åtte engasjerte, flinke og blide strikkedamer i begge fjerdeklassane. Foto: Reidun Heradstveit

– Ein del av elevane hadde prøvd seg på strikking tidlegare, men for mange var dette ein ny og spennande kunst- og handverksaktivitet, der dei koste seg over meistring og god framgang på kort tid, skriv Reidun Heradtveit og Sigfrid Sætrevik til fitjarposten.no.

Vidare får me vite at målsetjinga var å laga pulsvarmarar eller panneband, noko som blei eit motiverande tiltak i strikkegruppene. Trass i diverse startvanskar med teknikken fekk elevane god og støttande hjelp av dei åtte strikkeglade damene frå Husflidslaget.

– Stor takk til dei som stilte opp og lærte 9-åringar å strikka! seier Reidun Heradstveit og Sigfrid Sætrevik til slutt.

4A og 4B saman med strikkehjelparane i Husflidslaget, frå venstre: Ingrid Sandvik, Laila Strand, Gerd Skumsnes, Petra Espevoll, Marit Hopperstad, Sissel Ervik, Helen Grimen, (Kirsten Melkevik er ikkje til stades på biletet). Foto: Reidun Heradstveit.