Omtrent 60 ungar frå distriktet var engasjert med handball i to strake timar i idrettshallen på Fitjar i dag.

Det var veldig kjekt, men no er me sletne, seier 9-åringane me møter i foajeen etter kampslutt. Dette er deira første år på handball og deira andre turnering.  For ni-åringane heiter det minihandball, og dei deltek ikkje i vanleg serie, men i nokre turneringar i distriktet kvart semester. I dag var turneringa berre for jenter 9 år. På Rimbareid skule er dei fleste jentene i klassen med på handball, og Fitjar kunne stilla med to lag i denne turneringa, som føregår med 4 spelarar på banen, ingen keeper, og varer to gongar ti minutt. Det deltok lag frå både Stord, Tysnes, Kvinnherad og Bømlo i tillegg til Fitjar.

Marhe V. Nordfonn og Jeanett Rasmussen frå Jenter 14 år var domarar, og det er og jenter frå det laget som er trenarar for nybegynnarane i 4. klasse. Foreldre deltok i sekretariatet og kiosken i foajeen. Nina Volden, som var turneringsleiar skryt av alle som deltok og bidrog, og seier det var ein grådig kjekk dag, og at alt gjekk veldig bra.