Fitjar skulekorps inviterte til marknad torsdag kveld for å samla inn pengar til drifta av korpset. Det vart ein svært kjekk bygdekveld.

Ein fullsett gymnastikksal, god mat, flinke songarar og musikarar gjorde dette til ein svært så kjekk bygdekveld. Spenninga som åresalet gav og flotte gevinstar vart ein ekstra bonus. Og truleg enda det og med ein god økonomisk «bonus» for korpset.

Skulekorpset opna sjølv marknaden med å spela 3 songar dei skal opptre med i konkurransen dei skal delta i i Sveio neste helg. På «Det vackraste» var Marte V. Norfonn, som til vanleg spelar althorn, med som songsolist. Dette gjorde seg svært godt. Ei flott stemme, god ballanse mellom korps og vokal og ein kjend melodi gjorde dette til ein publikumsfavoritt.

Messing-aspirantane i korpset, som tel 11 stykker, har fram til ganske nyleg spelt kornett alle saman. No hadde fleire gått over til tenor og althorn, og dei var brått som eit heilt orkester som kunne spela «skikkeleg» korpsmusikk. Det låt flott både på den artige versjonen av «Nede på stasjonen» og «Tre små kinesere».

Korpset hadde og invitert med seg gjestar denne kvelden, og det gav fin bredde i programmet. Fitjar barnegospel song ei avdeling med 3 av sine mest populære songar. Som vanleg fekk dei gleda til å smitta over på tilhøyrarane då dei song «Jeg vil bruke hele kroppen til å prise Gud», sjølv om nokon av koristane stod med fingrane i øyrene og andre gjespa så lenge og vel at dei gjekk glipp av både eit og to vers. Fortsatt var det mange igjen som song av full hals og med stort engasjement.

Etter to spennande omgangar med loddsal og trekking, god mat og god drøs rundt borda, for dei som var så heldige å finna seg eit bord, var det trekking av gevinstane på bøkene. Det var og kunngjering av vinnaren av snopeglaset, som var Maria Synnøve Koløen.

Fitjar musikklag fekk æra av å avslutta marknaden. Dei  framførde litt av sitt konsertrepertoar, som for tida består av irsk musikk og Vampmelodiar, og som me gjerne høyrer fleire gongar. Dei avlutta det heile med svingande rytmar og god stemning i «Månemannen» der Tom Rydland briljerte som songsolist: «De e seint og de e tidlig, månemannen bukke djupt og stilig….»

Trekningsliste

Hovudbok: Flytedress: Sylvi Aarbø, kikkert: Birgitte Hovland, ryggsekk m/utstyr: Monica Waage, fiskestang: Liv Steien, gåvekort Hårloftet: Atle Vestbøstad, arbeidsvarmejakke: Irene Torvund, pyntelykt: Christina R. Koløen, sekk + fleecegenser: Marta E. Helland, gåvekort Fitjar fjordhotell: Anna R. Nesbø, gutegenser: Eli L Heggøy, genser: Solveig S. Drønen, mariusgenser: Elisabeth Rydland, gåvekort kinobillettar: Martin Pedersen, gåvekort Stord videokiosk: Geir Raunholm, jentegenser: Fam. Gisle Levåg, genser: Aud Helen Westerheim, bunadsølv-skrin: Jorunn og Torkel Helgaland, flyteveest: Kari K. Prestbø, gåvekort komlemiddag: Jon Tufteland.

Barnebok: Dukke m/utstyr: Kaia Rydland, kuffert m/dukkekle: Thea Træet, gravemaskin: Sander F. Bårdsen, spel: Helga J. Raunholm

Rett trekning: Nina Volden, Sølvi Krosvik og Kari Konglevoll Prestbø

Skulekorpset takkar alle som har gjeve gevinstar og alle som har kjøpt lodd!