Elleve elevar frå Fitjar kulturskule hadde ein svært kjekk føremiddagskonsert på Fitjar folkebibliotek denne veka.

Både elevar på gitar, kornett, piano, fløyte, fiolin og song deltok, flott utkledd som ulike karakterar frå Kardemommeby.

Kulturskuleelevane hadde fri frå skulen denne føremiddagen og gjennomførte to like konsertar, først ein for Fjellheim friluftsbarnehage, Årskog barnehage og Fitjarstølane barnehage. Etterpå vart same konserten framførd for Bakken barnehage og andre som måtte ynskja å få med seg ein barnevenleg føremiddagskonsert.

Alle musikkinnslaga var henta frå Kardemommeby, og bibliotekar Rita Huse deltok med opplesing frå Kardemommeby-boka. Då ho las om då Tante Sofie vart røva sat ungae som lys og lytta. Dei var elles eit aktivt og engasjert publikum, som deltok med både flott allsong på Røvervisa og kom med mange innspel og sjarmerande kommentarar under vegs.

Det var ingen tvil om at barnehageungane storkoste seg på konserten med dei kjende songane og figurane, og mange måtte fortelja at dei hadde både boka og lydboka heime. Men det var ikkje berre publikum som koste seg, det såg ut som om songarane og musikarane hadde det gøy, og som ei av 3. klassingane sa: Dette er den kjekkaste skuledagen eg har hatt, først spela på konsert, så to timar med kunst- og handverk på skulen.

Kulturskuleelevane som deltok på konserten var: Framme frå venstre: Åse M. Underhaug, Olga Vestbøstad, Eirin M. Oma, Sofie Rimmereid, Tor Håkon Aarbø. Bak frå venstre: Marie M. Oma, Silje Rydland, Marte Rimmereid, Edith Helland, Guro Rimmereid, Ingvild Prestbø og lærarane Orlaug K. Evensen og Anne Lene Ø. Jordåen.