Kyrre Thomassen, Sofie Rimmereid og Marte Rimmereid vil gjerne visa Fitjarposten sine lesera det 2,37m høge duplotårnet og den stilige duplomannen dei lagde ein regnfull haustdag i september.

Det tok lang tid å byggja det høge tårnet og det raste mange gongar før dei til slutt fekk det til å nå heilt opp til taket. Heilt nedst måtte dei støtta det litt opp med to leikekassar. Dei synes det var veldig kjekt å halda på med bygginga og lurer på om det er nokon som har det endå høgare under taket og som klarer å slå deira rekord.

Duplotårnet på 2,37 m som Kyrre Thomassen, Sofie Rimmereid og Marte Rimmereid bygde nådde heilt til taket.

Duplomann.

Duplomann.

Foto: Helga Rimmereid