Over hundre stykk var med på søndagsskulen sin tradisjonelle julefest på Fitjar bedehus litle nyttårsafta.

Langt fleire enn dei faste søndagsskulegjengarane benka seg rundt langborda då søndagsskulen inviterte til ein familievenleg julefest. Ungar frå søndagsskulen satte sitt positive preg på festen med opptrinn, song, spel og levande nærvær.

Brynhild M. Stautland frå Sagvåg fekk full merksemd då ho hadde andakt om den flottaste og best planlagde julegåva av alle: Jesus. Det same hadde og Bibelagentane frå søndagsskulen eit enkelt juleopptrinn om. Opptrinnet vart avslutta med at eit postbod (Tor Håkon Aarbø) kom med eit viktig brev som var til alle saman frå Gud, der det stod at Gud gav Jesus til verda for at alle skal få evig liv gjennom å tru på han.

Olga Vestbøstad, Thea Træet og Torbjørn Eiken var dyktige forsongarar, mange av søndagsskuleungane deltok i det sjarmerande søndagsskulekoret, og Marie M. Oma, Ingvild Prestbø og Guro Rimmereid frå jentegruppa Liljene deltok med flott fleirstemt song.

Mat er viktig på ein kvar fest. På denne festen vart det servert påsmurd kveldsmat i tillegg til julemenn og mandarinar. Mange småbarnsforeldre pusta letta ut over at dei slapp servera dei høgt gira podane skikkeleg mat heima før dei skulle putta dei i seng. Tradisjonen tru vart festen avslutta med juletregang akkompagnert av ei blåsegruppa og ein slagverkar frå Fitjar skulekorps. Både små og store såg ut til å kosa seg på festen, og etter å ha knytt kjærleikens heilage band i siste verset av Å jul med din glede, var i alle fall alle under skulealder klare for å ta kvelden. Resten fortsatte kanskje festen heima…

Søndagsskulen takka alle som bidrog i samband med festen og ynskjer velkomen til første søndagsskule på Fitjar bedehus etter jul 22. januar klokka 11.00.