Den uheldige mannen som fridde til sjukesøstera var eit av fleire flotte musikalske innslag då kulturskulen inviterte til barnehagekonsert på biblioteket fredag føremiddag.

Kulturskulen sin årlege barnehagekonsert var denne gongen ei spennande reise gjennom ein del av Torbjørn Egner sin rikhaldige musikkproduksjon. 13 av kulturskulen sine rundt 100 elevar deltok på konserten med song, fløytespel, gitar og piano. I tillegg var elevar frå 5. trinnet på Rimbareid barne- og ungdomsskule med og synte deler av syngespelet Hakkebakkeskogen.

Det var to konsertar i løpet av føremiddagen, den første for ungar i Fjellheim friluftsbarnehage, Årskog barnehage og Fitjarstølane barnehage og den siste for Bakken barnehage og andre interesserte. Ungane hadde førebudd seg godt og deltok aktivt i allsongen, og dei følgde spente og lydhøyre med på alt som skjedde. Då So ro lille mann vart sunge til avslutting la dei seg ned på mattene på golvet og kvilte etter alle dei kjekke inntrykka. Ikkje rart dei takka for seg med å sei god natt, etter ein svært vellukka konsert både sett frå arrangørane si side, dei unge musikarane si side og ikkje minst frå publikum si side.