Tysdag 16. november var det duka for stor basar i gymnastikksalen på Rimbareid-skule. Der vart det sal av god mat og drikke.

Det var stor stemning i salen da Thea og Vilde ønskte oss velkommen og introduserte oss for John Kevin. Han spelte på tverrfløyte og okarina (eit instrument som kommer frå Amerika.) Når applausen var ferdig, stod Thea og Vilde og introduserte oss for neste nummer med Guro på piano. Ho fekk stor applaus. Det var ein vellykka start på basaren som 5.-7. klasse hadde invitert med seg vaksne på.

No hadde folk litt tid til å kjøpa mat, som foreldra til elevane på Rimbareid-skule hadde gitt til oss, i kafeen. Alt kosta 10 kr utanom saft, som kosta 5 kr.

Etter det vart det sal av årer. Der kunne ein vinna fine premiar som elevane hadde gitt til basaren. I tillegg hadde desse bedriftene i Fitjar gitt premier: Spar, Rema 1000, Duo frisør, Kafe Annemor, Fitjar kraftlag, Blomestova,  Ola Korsvik, Apply, Varehuset Rydland, Thea Træet, Video-en, Fitjar Såpekokeri, Mx-sport, Fitjar Fjordhotell, Kiwi Sagvåg og Gasko. Skulen takkar hjarteleg!

Det var 5.klasse som selde årar. Etter åresalet var det Ingrid frå 7.klasse som song. Det var kjempefint. Det var rundt 150 personar på basaren. Gymnastikk salen var nesten for liten.

Den heldige Vebjørn Larsen vann godteglaset på heile 115 godteting på tippestasjonen, men me hadde ikkje berre tipping av godteri, me hadde også kjendis-quiz, steinvekt og rektor-quiz. Alle var fornøgde med den kjekke basaren på Rimbareid-skule, ikkje alle vann premie, men det gjekk fint. Sandra hadde laga flotte kalenderar til 100 kr pr stk. Dei var det mange som kjøpte.

Me fekk inn meir enn 25 000 kr til Flyktninghjelpen.

Alle foto: Vegard Aarbø.