5-åringane i Fjellheim Friluftsbarnehage hadde ein flott tur til kis-gruvene på Litlabø  torsdag.

– Først fekk me masse god informasjon om gruvearbeidet Så fekk me køyra toget inn i gruvegangen. Me gjekk heile 231 meter inn i fjellet, og ungane fekk både diplom, is og saft hos Wilfred, Rune, Tor og Ansgar som viste oss rundt.

Ei flott oppleving som me oppmodar andre barnehagar og skular å ta del i!, fortel Anne Karin Nilsen til fitjarposten.no