Kinodagen med halv pris førte i alle fall til svært god publikumstilstrøyming på den første filmen.

– Godt over 100, det er veldig bra, sa Ole Bergesen då publikum var kome seg inn i Kultursalen for å sjå eventyr-/familiefilmen «Operasjon Arktis». – Så er det og ein bra film, legg Agnar Aarskog til.

– No er me berre spente på kor mange som kjem på film nr 2 og 3, seier dei to, og syner til framsyningane kl 16.00 og kl 18.00

 Ingressbilete: Mange ville sjå familiefilmen «Operasjon Arktis». Foto: Håkon C. Hartvedt

Klare for «Operasjon Arktis». F.v. Gunn Evy Henriksen, Eline Aarskog, Sander André Aarskog, Sondre Olai Aarskog og Petter Hoff, som tek imot billettane. Foto: Håkon C. Hartvedt

Nkino3

I kø for popcorn, baconchips eller brus. Foto: Håkon C. Hartvedt