Etter to månader med intenst arbeid i fjellet har det no vakse fram omtrent fire kilometer med ny veg. Både gamal og ny veg vert flittig brukt av bygdefolket, men fire dagar i neste veke vil vegen verta stengt for all form for ferdsel like ovanfor Vassverket.

Den nye vegen i fjellet går nordover frå Olstjørna, snor seg oppover Midtfjellet forbi vindmålemasta, tar så retning mot aust på toppen, fortset over kanten og nedover i retning mot Hageberg.

Firmaet Stangeland maskin AS starta arbeidet i fjellet 5. september, og skal byggja omkring 25 kilometer ny veg i samband med at Midtfjellet vindkraft skal laga vindpark i området frå Svartavatnet og nordover.  Samstundes som dei jobbar på ny veg innover i fjellet held dei og på med ny tilkomstveg frå Rimbareid. Denne startar ved den gamle campingplassen, og føl delvis traseen til den gamle skogvegen som ligg/låg der. På denne vegen har dei kome omtrent 1,5 kilometer oppover, samstundes som dei har starta ovanfrå rett over skogsgrensa på vegen mot Olstjørna, og jobba seg eit lite stykke nedover. Både ved på Rimbareid og ved Vassverket har Midtfjellet sett opp skilt om at folk er velkomne til fjells, men at ein må visa varsemd i anleggsområdet. Samstundes står det skilt ved begge dei to nye vegane om at anleggsområdet er stengt for ferdsel. Dei fleste tolkar det slik at dette gjeld motorisert ferdsel og ferdsel når det går føre seg anleggsarbeid der. I helgene inntek bygdefolket og andre nygjerrige tilreisande vegane til fots eller på sykkel.

Midtfjellet vindkraft opplyser at anleggsarbeidet først og fremst går føre seg måndag til torsdag, men at uansett dag er all ferdsel med motorkøyretøy på dei nye vegane ikkje tillate av andre enn dei som har oppgåver i samband med utbygginga. Gåande må visa allminneleg varsemd nær anleggsverksemda.

I fase 1 av utbygginga av Midtfjellet vindpark er det planlagt ca. 20 km veg og mellom 18 og 23 vindmøller. Entreprenørfirmaet Reinertsen AS har kontrakten på anleggsarbeidea og betongfundamenta. Stangeland maskin AS er underentrepenør og skal byggja vegane. Hovudanleggsperioden er frå september 2011 til juli 2012. Rundt 1. desember skal den nye tilkomstvegen på Rimbareid vera ferdig, og etter det skal all transport til parken føregå på denne vegen.

Med omlag 1,5 km veg frå Rimbareid og omlag 4 kilometer veg i fjellet er det no totalt bygd 5,5 kilometer veg på to månader.  Dei nye vegane skal ha ei vegbredde på 5 meter, og deler av dei nye vegane har no fått på grus i ei køyrebredde. Heile vegen skal grusast og vegskråningar og kantar vil etter kvart verta jamna til og stelt.

Foto: Gilje, Fitjar kraftlag

På grunn av tungtransport med steinmassar frå Midtfjelelt og ned til den nye tilkomstvegen, der den skal kryssa Fitjarelva, vil vegen mellom Vassverket og Svartavatnet verta stengd for gåande i perioden måndag 14. november til torsdag 17. november.

Møllemonteringa skal etter planen starta i august 2012, men før den tid skal det byggjast endå mange, mange kilometer med ny veg.

Kjelde: Midtfjellet vindkraft

Ein kan og lesa om arbeidet med vindparken i siste utgåva av Stangeland maskin sitt blad TS-nytt, og på heimesida til Reinertsen.

Vegen ned mot Olstjørna. Foto: Helga Rimmereid