Fitjarposten har vore og helst på 39 søte kje i gamlefloren til Lars J. Rydland.

Dei var frå fire til sju dagar gamle for to veker sidan då veterinær Karen E. Rydland Sæbø var i Kvinnherad og henta dei. Då hadde dei gått med mødrene sine i fire til sju dagar sidan fødselen, i motsetnad til geitene ho flaska opp for to år sidan. Den gongen hadde kjea blitt «snappa» frå mødrene sine med ein gong dei kom til verda. Det er ein krevjande jobb som er nødvendig av og til for å unngå å overføra sjukdom til avkommet. Geiter er relativt utsette for sjukdom.

Desse kjea ser ut til å vera kjernesunne på alle måtar, sjølv om dei har gått med mødrene sine nokre dagar. Denne gongen satsar ikkje Karen Elisabet og Håkon på surmjølk, slik dei gjorde sist dei hadde kje, men «morsmjølkerstatninga» Sprayfo. Eit for som er laga i Nederland av mjølkeråvarer levert frå Tine i Noreg. Forstå det den som kan. Men uansett så ser det ut til at kjea har godt av foret sitt, for dei ser sunne og trivelege ut. I tillegg til mjølkeblandinga får dei kraftfor og silofor.

Dei fleste er bukkar, som elles hadde blitt til kråkemat straks etter fødselen. Det er berre nokre få geitekillingar i flokken. Dei har jo alltid ein viss sjanse til å bli sette på; det er verre med framtidsutsiktene om du er eit bukkekje. I gamlefloren til Lars Rydland skal dei bu i 8 veker, til dei blir leverte til slakt hos Nortura. Då vil dei vera 10-12 kilo tunge, levande vekt, og slaktevekta blir vel 5 kilo. Geitene på Rydland får altså ikkje noko langt liv, om to månader er dei slakta. Men dei dystre framtidsutsiktene ser ikkje ut til å dempa livsgleda.

Karen Elisabet Sæbø Rydland fortel at ho på denne måten ønskjer utnytta ein ressurs som elles går til spille, når nyfødde kje straks blir kasserte. I tillegg til ressursutnytting ser det og ut til å vera ein fin måte å læra ungane å stella dyr. Dei kappast om å vera med å fora, og rører med stor iver rundt i mjølkeblandinga. Dei ser og ut til å ha forsont seg med at killingane ikkje har noko langt liv i vente. 

buying oral steroids