Ordførar Wenche Tislevoll og Monika Hatlevik frå Fitjar næringsråd vil oppmoda næringslivet til å stilla på «Kick-off»-samlinga for «Strategisk Næringsplan» på Fitjar Fjordhotell onsdag ettermiddag.

Ordføraren vonar at næringslivet engasjerer seg, og at mange har høve til å koma onsdag.

-Det er særs viktig for det endelege resultatet at planen er forankra i næringslivet. Strategisk næringsplan er ein samarbeidsavtale som skal utarbeidast mellom kommunen og næringslivsgruppene. Eit levande dokument som skal gjera ein forskjell i næringsutviklinga i Fitjar kommune.

På programmet står mellom anna inspirasjonsforedrag av Torstein Hatlevik  frå Håheim Gård, og det vert enkel servering.

Påmelding kan skje til monika-hatlevik@haugnett.no snarast og innan måndag 3. juni.