Ein nordmann og fire kenyanarar tok ungdomskuleelevane på Fitjar med storm då dei heldt konsert i gymsalen, onsdag.  Gjennom eit fyrverkeri av afrikanske rytmer, song og dans, heldt gruppa frå Rikskonsertane ein konsert som til slutt førte til trampeklapp frå ungdomsskuleelevane på Rimbareid skule. Og fleire av Rimbareid-elevane tok kontakt med dei afrikanske ungdomane etter konserten. Utveksling av e-post adresser og små, private gåver mellom adfrikanarane og fitjarungdom vart det òg. Gruppe har elles ikkje berre vitja Fitjar. På turneen i Sunnhordland stod både Leirvik, Moster, Bremnes og Austevoll på lista deira.