Fitjar Servicesenter og ungdomsbedrifta UBKOS ved Fitjar vgs har inngått eit samarbeid om rullekebab. I dag var det smaksprøver med elevane til stades.

Det var i september at Servicesenteret tok kontakt med skulen for å høyre om det var interesse for eit slikt samarbeid. Elevane på Vg2 Kokk- og servitørfag skulle ha ungdomsbedrifter, og responsen var svært positiv.

– Både elevar og lærarar syntest vel om dette, og det vart konkurranse for å få fram den beste kebaben, fortel  Ailin Korsvik i elevbedrifta til fitjarposten.no.

Dommarar i konkurransen, og dei som valde ut den beste kebaboppskrifta, var Jo Kjetil Strand og Cathrine G. Mehammer frå Fitjar Servicesenter og lærar Arnt-Iver Rysjedal pluss elevane Øystein Helle og Andrea Christensen ved Fitjar vgs.

Elevane skal levere lefse, dressing og krydderblanding kvar fredag. Sjølve tillaginga av kebabane tek personalet på Fitjar Servicesenter.

– Kjempespennande, seier kioskleiar i senteret, Cathrine G. Mehammer til fitjarposten.no. Lærar Astrid Bukkøy, som saman med Margareth Tislevoll har ansvaret for elevane, er òg svært positiv. – Flott at ei ungdomsbedrift hos oss kan produsere spennande kioskmat og samarbeide med ei lokal bedrift, seier ho.

Elevane er ikkje mindre nøgde. Eit samstemt, smilande ja kjem raskt når me spør om dei synest dette er gøy. Litt reisetilskot til ein planlagt Italia-tur kan det nok bli òg.

Det ser vidare ut som at tilbodet har falle i smak hos publikum. Smaksprøvene forsvann fort, og salet av fullvaksne rullekebabar gjekk så det suste. Så bra var salet at Fitjar vgs måtte køyre ut med ekstra lefse utpå ettermiddagen.