Ein skjønn liten kattunge er brakt inn til Fitjar dyreklinikk, etter å ha gått i dagevis utanfor Fitjar Vidaregåande Skule. Kanskje er han så heldig at eigarane les dette?

Katten er så snill og tam at det må vere nokon som saknar han, meiner Kjersti Muri ved dyreklinikken, og vonar at ein kan koma i kontakt med eigarane på denne måten.

Kjenner du igjen katten, kan du ringje 922 23 147, så vil det heile ordne seg.