Det er ut for at det er sesong for kattar å stikke av. I alle fall fall har FItjarposten fått melding om endå ein heimlaus katt.

Denne pusen har vore i Bakken i Fitjar i 3-4 veker og er tynn og svolten og finn truleg ikkje heim. – Skulle gjerne ønskt det var nokon som eigde den? Er den din?, spør ei av våre lesarar.

– Vi har gitt han mat, men har ikkje høve til å behalda denne flotte katten. Han er mørkebrun med kvitt i brystpartiet og litt på føtene. Korthåra og har utruleg nok brune auge. Ein flott katt som fortener å få komma heim, legg ho til.

Ta kontakt på mobil:  416 54 544 om du har tips!