Då Ragnhild T. Hestenes gjekk tur med hunden sin nyleg, høyrde ho ein kolossal jamring ved ein tornehekk i sentrum. Då ho sjekka etter, fann ho ein liten kattunge, såra og heilt innfiltra mellom tornene.

-Eg kan ikkje forstå at nokon kan gjera slik mot eit lite hjelpelaust dyr, seier ho til Fitjarposten.no, og fortel at ho fann katten i toppen av hekken, og at det ikkje er tale om at den vesle kattungen har klatra opp dit sjølv. -Nei, dette må nokon ha gjort av rein utjureskap, understrekar Ragnhild T. Hestenes, hovudrystande. Ho reagerer òg på at mange gjekk forbi jamringa utan å bry seg. Hadde katten blitt verande i tornehekken hadde han aldri klart seg, meiner ho.

Ragnhild har no teke kattungen heim til seg der han saman med ein annan katt, og hunden som ho har i frå før, har funne seg vel til rette. -Eg måtte stella nokre sår, men no er han på god veg til å bli god att, legg ho smilande til.

best steroids