Gunn Kristin Almås og dottera Hanna Salomonsen Strand på Stord gjorde ein kjempeinnsats for å finna dei rette eigarane til katten som vart funnen ved hyttefeltet i Søre Hellandsfjorden.

-Etter at Fitjarposten gjekk ut med saka ringde først ein person som meinte det kunne vera katten deira som var sakna. Hanna som hadde vore til Fitjar òg henta katten, tok då turen til Fitjar igjen. Men det synte seg å ikkje vera katten som denne personen sakna.  

På veg heim att fekk ho telefon frå mora om at ein ny potensiell eigar hadde meldt seg. Denne tok turen til Stord, og no visste det seg at katt og eigar høvde i hop. Ein eigar som glad kunne ta katten med seg heim til Fitjar att, fortel Gunn Kristin Almås til fitjarposten.no

-Stor ros til både mor og dotter, seier me, me og er glade for at me kunne få vera til hjelp denne gongen òg. Ikkje greitt å vera huslaus katt i denne lange kuldeperioden.