Katten vår har vore borte frå heimen sin på Tislavoll sidan onsdag. Me har leita rundt i nabolaget og ropt etter ho, men utan resultat, skriv Siri Haveland til fitjarposten.no

– Ariel er 2 år gammal og er brun-oransje med svarte striper på. Ho har òg eit raudt halsband med bjelle på utan namn, så lenge det ikkje er falle av.

Ho kom til oss for snart 3 veker sidan, og er derfor ikkje så kjent i området. Er det nokon som har sett ho, eller veit kor ho er? Om nokon eventuelt ved eit uhell har kjørt på ho, kan dei og gje beskjed. Ring eller send ei melding på: 941 91 989, skriv Siri Haveland.

 

effet anabolisant