Illustrasjonsfoto: Pixabay

Ein grunneigar i Fitjar fekk nok av at katten skal ha gått til åtak på hønsa sine og bestemte seg for å avliva katten.

16. januar fekk politiet ei politimelding frå ein katteeigar i Fitjar som politimelde ein grunneigar for kattedrap.

Det var grunneigaren som sjølv tok kontakt med katteeigaren, etter at han hadde sett utlyst på sosiale media at dei hadde meldt katten sin sakna. Han informerte då om at han hadde drepe katten.

– Grunneigaren visste ikkje kven sin katt han hadde avliva, og det var først då fornærma sto fram i sosiale media at han skjønte kven sin katt det var, seier Stord-lensmann Roald Raunholm.

Lensmann Roald Raunholm. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Skal ha gått til åtak på høns

Grunneigaren har forklart at årsaka til at han tok livet av katten var at han katten i lengre tid hadde gått til åtak på hønsa hans.

– Slik eg forstår det har katten fleire gonger gått til angrep i hønsegarden. Om den har drepe høns, det veit eg ikkje. Men det er jo den andre sida av saka, at grunneigaren er redd for hønsa sine. Ein må ha begge sidene for å sjå heile biletet, seier Raunholm.

Lensmannen fortel at saka no er lagt bort av politiet, som følgje av at fornærma har gjort opp saka privat med grunneigaren.

– Han syntes det var leit at nokon no er utan katten sin. Katteeigaren har fått ei unnskuldning og oppgjer for katten. Så han har gjort opp for seg. Då er det ikkje grunn for oss å gå vidare med saka, seier Raunholm.

– Har grunneigarar høve til å ta livet av kattar på denne måten?

– Her er me inne i ei vurdering som eg ikkje skal setje noko fasit på. Etter hundelova og dyrevelferdslova så er det jo slik at dersom ein oppdagar at ein hund jagar sauane dine, så står det heilt klart at du kan ta livet av hunden. Om dette kan overførast til kattar og høns, det veit eg ikkje, men du har jo litt av den samme problemstillinga.

– Heilt bak mål

Kattedrapet har skapt sterke reaksjonar hos den frivillige gruppa Stord kattevern.

– Me i Stord kattevern meiner at bakgrunnen for drapet er heilt bak mål, og ikkje minst høgst usannsynleg. Uansett så skulle grunneigar ha teke kontakt med andre for å finne løysingar, framfor å skyte katten, skriv gruppa på Facebook.

Innlegget til Stord kattevern har så langt blitt delt 65 gonger. Gruppa oppmodar følgjarane til å spre informasjon om hendinga for å hindre at noko slikt skjer igjen.

– Me oppmodar til å dele innlegget, slik at me saman kan få fram kor feil det er å skyte ein katt berre fordi den er på din eigedom.