Katrine Vestbøstad frå Fitjar har dei siste åra har jobba i ei ambassaderådstilling ved den norske ambassaden i Addis Abeba i Etiopia. Nyleg vart ho heidra av etiopiske myndigheiter for arbeidet sitt.

Tildelinga skjedde under Verdas miljødag 5. juni i år, og det var dei etiopiske miljøvernmyndigheitene som delte ut prisen.

Etiopia har satsa sterkt på grøn vekst og har utarbeidd ein strategi for å utvikle seg til å bli eit mellominntektsland innan 2025 utan auke i klimagassutslepp. Noreg og ein del andre land som har støtta Etiopia i dette, fekk tildelt kvar sin pris.

I tillegg vart ambassaderåd Katrine Vestbøstad tildelt ein spesiell pris for sitt sterke personlege engasjement i å fremje partnarskapet mellom Noreg og Etiopia på dette området.

-Eg opplever det som ei stor ære å motta ein slik pris, og eg er verkeleg stolt over det vi i fellesskap har oppnådd i dette partnarskapet så langt, sa Katrine etter utdelinga.

Les meir om prisen her.