Der E39 kryssar Vistvikelvo ligg tre bruer parallelt, og dei er eit mektig syn både ovanfrå og nedanfrå.

Den stygge svingen ved Vistvikelva er borte, og europavegen kryssar elva på ei ny bru, som ligg parallelt med dei to gamle, og nærmare fjellet.

Dei to første bruene blei bygde av Statens Vegvesen, medan den siste brua er bygd av Kruse Smith. Dei er underentreprenør til Bertelsen & Garpestad AS, som har hovudentreprisen på anlegget Hageberg-Engevik. Anleggsavdelinga til Statens Vegvesen, blei nedlagt i 2003, og Mesta blei oppretta.

Fram til i år har me køyrt på ei bru som blei bygt på slutten av 1970-talet. Denne ligg no i midten, yttarst mot den bratte skråninga ned mot Vistvik ligg den eldste betongrua over Vistvikelva. Den blei bygt i 1956, og datoen 4/11-1956 står skriven i betongen på støypekanten. Johannes Nesse frå Vistvik fortel at han var til stades då den gamle vegbyggjaren Asbjørn Raunholm skreiv datoen inn i betongen med peikefingeren sin. Truleg ein stor augneblink for ein lokal ungdom.

Han har dermed fått med seg bygginga av alle dei tre parallelle bruene over Vistvikelva. Han fortel at det er så god plass under den nye brua at heile Amazonas kunne passera! Rett nok er det ikkje så god plass under brua i midten.

Det er veldig god plass under bruene, eit svært,ope rom. Om det kan brukast til katedral, er vel tvilsamt, men det blir god plass for sauer som vil søkja ly. Og det vil gå sauesti under bruene, slik at sauen kan gå fritt heimanfrå og oppover til fjells.

Før den første betongrua kom i 1956, var det berre ei lita trebru lenger oppe i skogen som folk kunne nytta for å kryssa elva når vassføringa var stor. Vegen på austsida av Sordøya blei opna sommaren 1965, og det gjekk ikkje mange år etter det før akseltrykket på den gamle brua var for lite.

Derfor måtte brua oppgraderast, fortel Johannes Tufteland, som arbeidde i mange år i Statens Vegvesen. Saman med Stein Gloppen fekk han jobben med å forsterka brua, og han fortel at dette var ein kreativ mann som var god å ha med på slike utfordringar. Dei la treboksar under dei armerte betongdragarane brua låg på, og sette kraftige lysstoplar under. Desse blei fundamenterte i fast fjell.

Men det gjekk ikkje så mange år før vegen måtte utvidast, og på slutten av 1970-talet kom det ny bru over Vistvikelva. Begge desse to bruene blei bygde av anleggsavdelinga i Statens Vegvesen, fortel Johannes Tufteland. Og mange lokale strandafolk var med på arbeidet, på den første brua i 1956, men og vidare framover til 1965, og endå lenger.

Johannes Tufteland fortel at det går fortare å nemna hus langs Stranda som ikkje hadde folk i arbeid på vegen. Han nemner i fleng vegarbeidarar som Johannes Skår, Johannes Engevik, Ole Engevik, Anton Bjordal, Martin Vestvik, Øystein Mehammer, Johannes Raunholm, Peder Raunholm, Asbjørn Raunholm, Lorents Eide, Trygve Eide, Georg Osberg.

Storparten av desse var med til vegen blei opna sommaren 1965, fortel Johannes Tufteland. Og fleire heldt fram i Statens Vegvesen, sjølv om dei måtte reisa bort på anlegg. Etter kvart tynnast det ut med strandarar i Vegvesenet, og folk fekk seg arbeid blant anna på Stord Verft. Men fleire blei verande i Statens Vegvesen all sin dag, fortel Johannes Tufteland til slutt i ein spanande samtale med Fitjarposten.

 

 

 

 


Her ser me dei tre bruene ovanfrå, frå smalastien som går under brua og rett oppover. Foto: Kjetil Rydland.

Før betongen størkna, skreiv Asbjørn Raunholm inn datoen då brua var ferdig, 6/11-1956. Foto: Kjetil Rydland.

Over dei avsagde stålbjelkane gjekk den gamle smalastien under brua. No blir det ny sti under dei tre bruene. Foto: Kjetil Rydland.


Rett ovanfor eurpoavegen går den gamle vegen på Strando, Hjeltestegen var ikkje ein gong ein kjerreveg, men likevel skulevegen for ungar i Engevik som gjekk på Hageberg skule. Foto: Kjetil Rydland.


Mykje har skjedd sidan Telemark Flyselskap tok dette biletet av Vistvik i juli 1955. Ein bulldosar hadde arbeidd seg gjennom gjennom lauvskogen og hadde kome til punktet markert med den svarte pila. Det er ikkje så langt frå dagens nedkøyrsle til Vistvik.