Då den første brukande snøen kom andre juledag, kasta Lorentze Waage (10 år), John Martin Engesund Pedersen (11) og Stig André Maraas (10) seg på akekjelkane.

Ein lærer seg til at her på våre kantar at må ein bruka snøen rimeleg kjapt når ein har sjansen. Det er aldri godt å vita kor lenge den blir liggjande, eller kor mykje som kjem. Dermed er det berre å trassa grasstrå, greiner og småstein som viser gjennom vinterteppet.

Nedbøren blei ganske våt midt på dagen, så for å vera sikker på å få aka, kunne ein ikkje vera så kresen og berre  hiva seg utpå.

Lorentze Waage, John Martin Engesund Pedersen og Stig André Maraas hadde seg ein frisk seanse i fredag ettermiddag. Dei hadde sett at snøen lava ned frå  morgonen av, og med ung optimisme funne fram akekjelkar og lagt i veg. Utstyret var det ingenting å seia på.

-Den fekk eg i fjor, svarar Lorentze på spørsmålet om ho fekk akekjelken til jul i år. John Martin har lånt sin hjå ein onkel.

Til å vera dei første turane denne vinteren, gjekk det sikkert fort nok. I ein liten bakke mellom Sjoarreset og bedehuset gjekk det såpass unna at det var mogleg å velta når det byrja å flata ut.

– Oi, seier plutseleg Stig André på veg opp skråninga. Tauet han drog kjelken etter losna. – Eg får knytta det på etterpå.

Til alt hell var han komen nesten heilt opp då det skjedde. Og det var ikkje så mykje snø at kjelken kunne gli avgarde på eiga hand.

No har ungane i alle fall fått testa utstyret og hatt ei gjennomkjøring. Så får ein håpa at det kjem såpass med snø utover vinteren at dei får brukt kjelkane sine fleire gonger. Og kanskje blir det nok snø til å laga eit lite hopp etter neste snøfall?

 

Ingressbilete: Det blir fort litt knall og fall under aking. (Denne gongen var det mest til ære for fotografen.) Foto: Arne Vestbøstad