Ein fitjarbu er i natt teken av politiet for uaktsam bruk av fyrverkeri og "burning" i sentrum. To kameratar er òg melde for fyrverkeribruken sin.

-Det var kl.01.24 i natt at politiet fekk melding om personar som køyrde rundt i Fitjar sentrum og skaut/kasta ut fyrverkeri frå ein bil. Eit vitne som kom i ein møtande bil, var nær på å bli truffen av fyrverkeriet, og heldt, som følgje av det, på å køyre av vegen.

Då politiet kom til staden like etter, heldt bilen på å "burne" i sentrum. Aktivitetane førte til førarkortbeslag for bilføraren, ein 18 år gamal mann frå Fitjar. Han og to jamngamle kameratar vil òg bli melde for uaktsam bruk av fyrverkeri, opplyser operasjonsleiar Torger Stødle ved Haugaland- og Sunnhordland politidistrikt.