Søndag vart det arrangert kassabilløp på Vestbøstad.

17 deltakarar stilte opp i forskjellige heimesnikra kjøretøy. Starten gjekk oppe hos Ole Magne og målet var ved ballbingen.

Stort sett alle kom til mål, men kjappast var Tone Brakedal, med Arne H. Jensen og Joakim Vestbøstad hakk i hæl. Alle deltakarane vart premiert.

Det var møtt opp godt med folk. Både søsken, foreldre og besteforeldre koste seg med vaflar og kaffi mellom bygene.

– Håpar dette kan verta ein tradisjon for det var i alle fall ikkje tvil om at ungane trivst bak rattet, seier Martin Nysæther til Fitjarposten.no. Han avsluttar med å takka DnB Nor og Odd Larsen AS for sponsing av premiar til alle deltakarane.

 

medical steroids