Torsdag 20.februar vil Karvel Strømme ha eit kåseri i Stord folkebibliotek, Kulturhuset.
Tittel på kåseriet er «Poteten…ein trufast ven».
– Tema er korleis poteten har berga menneska gjennom harde naudsår. Men også om potetfarten frå Sunnhordland til Bergen. Dette var mellom anna ein viktig periode i Fitjar si lokalhistorie frå ca. 1850 og fram til ca. 1930, skriv Bjørnar Withbro frå Stord folkebibliotek, i ei pressemelding.
Karvel Strømme er tidlegare lærar, og vil for mange vere kjent som kåsør om lokalhistoriske emne og som reiseguide på turar til Island.
– Det vert også vist ein film om Potetfarten fra Fitjar til Bergen. Dette er ein NRK-film laga etter eit opplegg av Hans Kristian Bukholm.
– Det er fritt tilgjenge til arrangementet, avsluttar Withbro.