
Karsten Vestbøstad på Varehuset Rydland lovar at kundane vil kjenna igjen butikken, men det vil nok koma overraskingar som dei set pris på.
Frå 1. januar går Euronics-namet ut or soga vår. Til saman 550 utsalsstader i Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island blir samla under Elon-paraplyen, utan at det vil føra til nokon revolusjon for Euronics-butikken.
– Det mest synlege no i første omgang er skilta eg har skrudd opp på framsida. Elles vil folk kjenna igjen både produkta og personane i butikken, seier Karsten Vestbøstad.
Historie med lokale kjøpmenn
Administrerande direktør Asle Bjerkebakke i Elon/Euronics trekkjer fram styrkt posisjon og betre innkjøpsvilkår for dei rundt 50 kjøpmennene som får nytt namn på veggen.
– Elon har ei historie med lokale kjøpmenn som har drive butikkane sine i generasjonar. I Noreg har dei vore deleigarar i Elon Group sidan 2015, og no er det tid for å omprofilera også dei norske butikkane, seier Bjerkebakke.
Like god eller endå betre kundeservice!
Karsten Vestbøstad har arbeidd i den lokale elektrobutikken på Fitjar i over 30 år. I 2006 etablerte han firmaet Varehuset Rydland, og har dei 12 siste åra vore dagleg leiar i butikken.
Kjøpmannen ser poenget med at Elon samlar all faghandel innan elektronikkbransjen under same namn. Størrelse vil gi stordriftsfordelar som kundane skal på nytte av. Karsten reknar med å få meir konkurransedyktige prisar på ein god del produkt.
Han lovar at verdiane til butikken vil bli førte vidare under det nye namnet. Som før satsar han på å gi kundane ein personleg og trygg handel.
– Me satsar på at me framleis skal vera best på service; kundane kan venta seg same kundeservicen som før, eller helst skal me bli endå betre! slår Karsten Vestbøstad fast.
Han legg til at butikken er open både i morgon, søndag, og fram til klokka halv to på julaftan. Velkommen innom den lokale elektrobutikken!
