Både på skulane, på sfo og i barnehagane har dei hatt karneval denne veka. Ungane i Fjellheim friluftsbarnehage storkoste seg med karnevalsaktivitetar både inne og ute på fredag.

Førstkomande onsdag er det oskeonsdag, og med det startar fastetida som varer fram til påskedag, og som er til minne om dei 40 dagane Jesus fasta i ørkenen. Før fastetida set inn vert det gjerne arrangert karneval med utkledning, god mat og leikar. Karneval er ein gamal tradisjon med førkristent opphav, men har seinare vorte knytt til fastelavnstida (tida før faste). Fastelavnskarnevalet varde tidlegare gjerne i fleire dagar, slik det framleis gjer nokre stader, medan me her hos oss gjerne nøyer oss med nokre timar. Mange har hatt karneval denne veka, andre skal ha det i starten av neste veke. Me har fått fylgjande rapport og bilete frå Fjellheim friluftsbarnehage sitt karneval fredag 17. februar:

«Ein kjempe kjekk fredag der barna kom utkledde til barnehagen og der det var diskotek, karnevalstog og pinjata inne først, slik at barna fekk god muligheit til å visa fram dei fine kostyma sine. Her var alt frå sjørøvarar til prinsesser, fine dyr og cowboyar, Batman og Spiderman

Ute på tunet i Tussetunellen var det pølsefest. Der var det pynta med dukar og lykter og ungane kosa seg før sekkeløpet og potetløpet kom i gang. Sidan det også er fastelaven var det bolleservering i lavvuen heilt til slutt.

Me føler oss heldige og denne fredagen har vært ein fin dag for små og store!»

Alle foto: Fjellheim friluftsbarnehage