Årskog barnehage hadde karneval i barnehagen onsdag 7. mars.

– Me starta karnevalet med karnevalssamling, der me song ein song til kvart av barna om kva dei hadde kledd seg ut som. Deretter var det karnevalsdans. Me dansa og song oss gjennom heile barnehagen mens me spela på sjølvlaga rytmeinstrument.

Etterpå var det tid for karnevalssirkus!

Dei vaksne gjekk inn i roller som sirkusdirektør og ulike sirkusartistar. Men sirkusartistane mislykkast i alle nummera sine og måtte derfor få hjelp av barna for å gjennomføre. Alle barna som ville fekk bidra, og dei hausta stor applaus frå publikum.

Då sirkuset var slutt, stod kafeen ferdig dekka. Me fekk servert pølse i brød og saft før karnevalet vart avslutta med at barna slo katten ut av eska og koste seg med alt det gode som datt ut.

– I det heile ein kjempetriveleg karnevalsdag, fortel styrar Torhild Alsaker til fitjarposten.no.