Tysdag kveld var rundt 30 gutar og jenter samla til karneval på Øvrebygda skule. Heilt sidan byrjinga av 1980-talet har 4H-klubben arrangert karneval på ettervinteren.

Det er såleis ein lang tradisjon som blir ført vidare kvart år i februar/mars. 4H-klubben blei stifta i 1978 og feirar dermed 30-årsjubileum til hausten. Nokre få år etter stiftinga starta karnevalstradisjonen, som no altså har vore ubroten i rundt 25 år.

Etter stor aktivitet i klubben på 1980-talet og 1990-talet har medlemstalet dalt noko. Det var ein av grunnane til at klubben gjekk meir aktivt ut i haust og marknadsførte seg overfor gutar og jenter i andre delar av bygda. Det har gitt resultat, og no har ein god del nye jenter og gutar frå 9-årsalderen og oppover begynt i klubben.

Tysdag kveld var nye og gamle medlemmer samla til karneval på Øvrebygda skule. Kostyma var varierte og fantasifulle. Derfor hadde ikkje juryen – Turid og Harald Sandvik – nokon enkel jobb med å kåra årets beste kostyme. Førsteplassen gjekk til "den gamle mannen" Tonje Gerhardsen, 2.-plassen til "skotten" Renate Tverderøy og 3.-plassen til "feen" Elin Korsvik.

Skal ein dømma etter stemninga på årets karneval, er 4H-klubben på veg opp att or bølgjedalen.