Auren i Botnavatnet er helst småvaksen, men smakar godt. Foto: FP-arkiv/KR.

Ein sommardag i ferietida – ein gong i slutten av 1940-åra – rusta eg og bror min, Bjarne, oss til ein lengre fjelltur. Eg meiner me var ein kar til, truleg Reinert, søskenbarnet vårt.

Av: Karl Gloppen

På denne ekspedisjonen hadde eg med ein ganske tung målarkasse med stativ, og preparerte huntonitplater til ”lerret”. I tillegg til telt, sovepose og niste, vog vel sekken nærare 20 kilo. Bjarne bar fiskesakene; to auregarn, oter og fiskestenger. Eg hadde ikkje hagla med denne gongen.

Planen var at me skulle starta med fiske i Kyrkjevatnet og Longavatnet, gå derfrå vidare til Kvednavatnet, og så over Mosavassheio til Botn og Botnavatnet. Der skulle me overnatta, setja garn og driva morgonfiske, dra heimover på ettermiddagen, og kanskje fiska litt i Svartavatnet dersom me fekk tid.

Utsikt utover Mosavatnet, Kidno og Mosavassheio. Foto: FP-arkiv/KR.

Men eg skulle nytta det meste av tida til å måla landskapsskisser. Vêret var fint og stilt, og det var optimistiske ungdomar som no trakka sørover buvegen mot Kyrkjevatnet.

Eg hugsar ikkje no om me fekk fisk der, truleg ikkje, for vêret var altfor fint, og me var altfor utolmodige. Me vandra så vidare bort til Longavatnet. Der fiska me ei stund. Eg prøvde oteren som me hadde med. På vestsida av vatnet er det ein strekning på over hundre meter der det er råd å gå og dra ein oter, for der er ingen terrenghindringar, berre flat rovmyr heilt utpå vasskanten.

Og sant; det var ein aure på omtrent med ein gong eg hadde fått oteren i siget. Den var av same velkjende typen: liten, grønleg på ryggen og med gulglinsande buk. Ikkje nokon god steikjefisk. Eg fekk to-tre aurar til, og dei andre fekk også nokre på stong. No hadde me nok til ein ”reservemiddag”. Me drog opp vøldene, lessa på oss dei tunge ryggsekkene og gjekk vidare sørover langs austsida av Midtfjedlet, der me heile tida ser nedover mot Hovlandsdalen.

Så var me framme ved Kvednavatnet. På bakken ved den gamle stemma sette me bagasjen frå oss, og følte oss ”lettare i hamsen”.

Medan Bjarne og Reinert fiska, tok eg fram målarskrinet og måla ei lita skisse av Kvednavatnet og Kvednavasslio. Under loket i kassen hadde eg laga spor i to lister som eg sette den våte huntonitplata inn i, slik at den ikkje kunne tangera andre ting i kassen. Denne vesle skissa har eg på kontoret enno.

Eg kan ikkje gje nokon rapport om fangsten til fiskarane, truleg fekk dei nokre små ”kvednavassaurar”. No byrja det å li langt utpå ettermiddagen. Me åt eit solid middagsmåltid med skjevemat. Noka auresteiking hadde me ikkje tid til.

Mosavassheio, utsikt austover. Foto: FP-arkiv/KR.
Mosavassheio, utsikt mot Litlasåto og Mehammarsåto. Foto: FP-arkiv/KR.
Utsikt frå Mosavassheio mot Botn og Inste Klovskar. Foto: FP-arkiv/KR.

Med sola på nedgåande i vest stega me oss sørover Mosavassheio, og endeleg: Der opna utsynet mot Botn og Botnavatnet seg. Det er alltid vakkert – til alle årstider! Det gjekk seint ned gjennom det det kronglete terrenget. Stien her var snautt synleg, og høg brake stengde, så me måtte av og til ta ein omveg. Men endeleg stod me nede på øyra, der bekken frå Mosavatnet deler seg og lagar eit lite delta. No stod me ved hovudmålet for turen, og her skulle me overnatta.

Kvelden sig på. Sola har alt gøymt seg bak toppen av Kidno, men det er framleis tid til både garnsetjing og stongfiske. Eg spenner opp staffeliet og målar eit nytt opplegg til oljemaleri. Det er meininga at eg skal gjera det ferdig heime.

Motivet er mektig: Til venstre dei bratte floga og ufsene oppe i Kløvskarfjedlet, lysande i raudnande kveldssol, urane nedunder, og så den hellande, brunlege og lyngdekte morenen nedover mot vatnet. På andre sida er det òg urar og gråberg, men fjellsidene er ikkje så bratte som på sørsida. Her eg sit og målar – ikkje så høgt over vasspegelen – ser det ut som om Botnavatnet ikkje rekk lenger ut enn til det låge, langstrekte neset som mest deler vatnet i to. For i denne retninga – rett vest – er det berre lågare lende å sjå.

Eg gjer skissa ferdig i ein fart. Den vart seinare rama inn og hengt på veggen i ”salongen” i hytta på Landasåta. Då hende det ein gong – nokre tiår etter: Ein sterkt rusa person trengde seg inn i hytta, fann ein boks med gulmåling, som han klinte ut over vegger og bord. Ja endatil nokre sider i hytteboka vart utskjemde med gulmåling, som saman med terpentin trengde gjennom fleirfaldige blad i boka. Han klistra òg måling utover to måleri på veggen, eitt av desse var mitt måleri.

No kveldar det for alvor, og me må til å finna oss ein teltplass, men det viser seg å vera vanskelegare enn tenkt. Rett nok flatar det seg ut ned mot vatnet, men det som me på noko lang avstand har oppfatta som jamn, lyngkledd lynghei, er ujamn å gå i.

Det er eit morenelandskap, med berre eit tynt jordlag over små og middels store steinar. Me leitar vidt omkring, men alle stader er det same knudrete terrenget. Til sist finn me likevel ein nokolunde slett plett, stor nok til å setja opp telt på, men den er merkbart hellande nedover mot vatnet. Reinert seier at me får leggja oss lengst mogeleg oppe i teltet – ”so me har noke å reka nerøve på i løpet av natto”.

Dei to andre karane har fått fisk, men ikkje så mange, enda om dei har sett fleire vak ute på vatnet. Me lagar til grue nær vasskanten. Steikjepanna kjem fram, og snart putrar botnavassauren ­– godt krydra – på panna. Me finn fram bestikk og skjer opp nokre dugelege brødskiver. Reint vatn finn me i bekken, der det piler ein og annan sky, liten aure. Eg set opp målekassen på stativet. Det får duga som serveringsbord.

Praten går – om botnavassauren og om garnsetjinga. Det var ikkje lett å få ut garna, då strendene ikkje har noko nes å festa landtauet i. Me ser oss ikring. Den store steinen ruvar bak oss i øla. Det er kveldstilt. Heile horisonten i vest lyser no i klåre, rosa og gylne leter. Det er eit syn å sjå!

Men så byrjar ei forestilling som eg seint gløymer: Nede i den vesle ”lagunen” ved bekkeosen byrjar auren å vaka. Ikkje berre ein og annan, men snart vaker det over alt – som i eit brislinglås! Utanfor – utpå vatnet – er det berre få vak å sjå.

No merkar me at det er òg andre skapningar som myldrar ut, i denne lune kveldslufta: ”Smikko” – småmygg – byrjar å sverma omkring hovud og hender. Me har ikkje med nokon myggstift eller andre hjelpemiddel mot denne plaga. Me krabbar inn i teltet, stengjer godt teltsprekka og finn fram soveposane, og me følgjer Reinert sitt råd. Etter lang tids prøving og feiling finn eg ein brukbar stad, og dormar av.

Eg vaknar av at eg ligg i ei forkrøpla stilling. Eg har reke nedover til andre enden av teltet og ligg faktisk innhylla i teltduken, som eg har kava rundt meg. Dei andre ligg òg i underlege stillingar, og ikkje der dei la seg til ro om kvelden.

Det er tidleg, men dagslyset er kome, og me tørnar ut, litt søvnøre. No er det fisketid, og tid å dra garna. Eg hugsar ikkje så nøye talet, men det stod vel eit titals aurar på det småmoska garnet som var sett i ”lagunen”. På det andre garnet – med mellomstore moskar ­– var det berre nokre få.

Eg tar nokre kast med kasteboksen medan eg går utover langs stranda, får ein og annan blank og frisk aure, men alle er om lag jamstore: 20–25 cm, og vekt opp til 100 gram. Eg går heilt ut på neset, og kastar sluken mest over til det andre landet. Her bit auren! Eg halar inn aure etter aure, men så er det brått slutt.

Auren vandrar tydeleg fram og attende gjennom dette sundet. Eg har no fått nok fisk, trer dei inn på ein dvergbjørkkvist og går bortover til dei andre.

Ein time etter: Teltet er demontert og pakka, sekken er komen på ryggen, og me er klare til å ta på heimvegen. Børene kjennest om lag like tunge som då me kom, av di aurefangsten kompenserer vekta av nista vår. Det går i dag som det ofte har gått før: Den andre dagen har ikkje den same ”villmannslivdåmen” som den første.

Me unge treng meir søvn, og måltida har også vore berre middels appetittvekkjande. Mosavassheio og Midtfjedlet vert helst dryge å vandra over. Først når me kjem nord på den heimlege buvegen, går me lettare.

Då me endeleg var heime, hadde eg bestemt meg for ein ting: At eg aldri meir skulle operera til fjells både som kunstnar og fiskar!

Ikkje så lett som det kan sjå ut til å finna ein god teltplass ved inste enden av Botnavatnet. Foto: FP-arkiv/KR.