Tysdag 28. oktober var det på ettermiddagen samla mange spente foreldre og ungar i Bakken Barnehage. Då skulle avdeling Blåklokka ha foreldrekafé med teaterframsyning av ”Karius og Baktus”.

Kvar familie betalte inngangspengar som skulle vera til inntekt for venskapsbarnehagen deira i Egypt. Borna framførte med stor iver og entusiasme, til god underholdning for oss som var publikum. Her fekk me sjå Karius og Baktus, mange born utkledd som fine tenner og mange andre artige figurar. Både aktørane og publikum koste seg, og me som såg på vart mektig imponert over kva borna fekk til. Etterpå vart det servert ”Karius-og Baktusbollar”, saft og kaffi. Kjempegodt!

Bakken Barnehage tar for seg forfatteren Torbjørn Egner dette barnehageåret. Ein vill idè om å laga teaterframsyning om evig aktuelle ”Karius og Baktus” vart slengt ut, teken tak i, tekstar kom på plass, songar blei øvd inn, og alt sett saman til ei sjåverdig framsyning. Dette fekk dei fint til, både små og store! Det var nok mange glade born, som svært nøgde traska heim denne dagen, etter endelig å ha fått vist mamma og pappa det dei hadde øvd på så lenge.

Sidan det er mange born på avdeling Blåklokka, vart det og arrangert ein tilsvarande ettermiddag måndag 27.oktober, for den eine halvparten. Også denne framsyninga var ein stor suksess.

Dei minste borna i barnehagen høyrer til på avdeling Marihøna, og dei hadde foreldrekafè onsdag 22.oktober. Desse borna framførte mange fine songar og nokre regler for foreldra, før det vart servert påsmurte rundstykker og kaffi. Inntekta her gjekk til fadderbarnet deira i Brasil.

Komande fredag skal barna i Bakken Barnehage ha ”Karius og Baktus fest”. Då blir det servert loff med sirup/nugatti på avdeling Blåklokka og pannekaker på avdeling Marihøna. Med påfylgjande tannpuss – får me håpa!