Onsdag 26. september klokka 10.00 vert alle dei finaste vær og saulamma på Stordøya viste fram for kritiske dommarar ved grendahuset i Osternes.

-Lamma vert vurdert nøye ut frå kriterier i høve eksteriør (utsjånad), ull og ullmengd.Finaleomgangen vil gå føre seg om lag frå kl. 12.00 og utover. Då vil værlamma med sløyfe bli vurderte opp mot kvarandre og ein vinnar skal kårast. 

Etterpå vil alle saulamma bli stilte opp og dommarane får i oppdrag å velja ut MISS FITJAR 2007, opplyser John Karsten Raunholm til Fitjarposten.no

Arrangør er  "Fitjar sau og geit".