Karina Raunholm sitt bilete "My dreams of violence" begeistra domarane så sterkt at ho, som einaste fitjarbu, gjekk vidare til landsmønstringa i Trondheim, etter Ungdommens Kulturmønstring i Grieghallen i Bergen i dag.

-Eg er positivt svært nøgd, og veldig overraska, seier Karina til fitjarposten.no. No ventar altså landsfinale i Trondheim seinare i år. Ei landsfinale som eigentleg ikkje er nokon finale i vanleg forstand, men ei mønstring der dei beste deltakarane frå kvart fylke får høve til å syne seg fram, utan at det vert kåra nokon vinnar.

Det vert òg meldt om svært heiderleg innsats av dei to andre fitjarbuane i fylkesfinalen, Johanne Fangel Brekke og Ole Andrè Westerheim. Så sjølv om dei ikkje kom igjennom nålauget denne gongen, har dei all grunn til å vere nøgd med innsatsen sin, heiter det.