I Karina si knekkebrødoppskrift i Fitjarposten sitt januarnummer hadde ein del opplysningar falle ut. Heile oppskrifta kan du difor finna nedanfor.

Knekkebrød

Ingrediensar

3,5 dl grovt mjøl

3,5 dl havegryn

1,5 dl sesamfrø

2 dl solsikkefrø

1 dl linfrø

2 dl kruskakli

1 ts salt

om lag 7 dl vatn

Førebuing

1. Rekk til om lag 3 plater til å ha i steikeomnen.

2. Steikjast fyrst 10 minutt på 180 grader varmluft.

3. Så om lag ein time på 150 grader varmluft.

Framgangsmåte

1. Bland alle ingrediensane i ei bolle.

2. Smør tre plater med bakepapir og smør

3. Fordel røra med slikkepott ut over platene, pass på at det er jamn tykkelse, om ikkje vert dei brende nokre plasser, medan dei blir for tjukke eller usteikte andre stader.

4. Sett platene inni på varmluft.

5. Etter om lag ti minutt tar du platene ut, og skjer ut knekkebrødstore ruter med ein pizzakuttar.

6. Sett platene inni att, og pass på at knekkebrøda ikkje vert brende.

7. Dei er ferdige om lag om ein time, om ikkje er det berre å vente. Dei er ferdige når dei er sprø heilt over, slik som knekkebrød er.

8. Avkjølast med rist, og etast med all slags pålegg som fins.