Karen Elisabeth Rydland Sæbø. Foto: Fitjar Senterparti

Fitjar Senterparti vart måndag kveld einige om kven som skulle stå på lista til kommunevalet 2019. Partiet er dei første med ferdig nominert liste på Fitjar. På topp finn ein Karen Elisabeth Rydland Sæbø.

Rydland Sæbø var andrekandidat for Fitjar Senterparti i 2015, og har vore fastmedlem i kommunestyret i 4 år.

  1. – Eg håpar jo sjølvsagt at Senterpartiet skal gjera eit god val på Fitjar i år. Eg stille meg villig til å vera ordførar, om det er det folket i Fitjar syner gjennom valresultatet at dei ynskjer.

Ho fortel at det har vore vanskeleg å vera i opposisjon, og håpar på eit større mangfald i kommunestyret etter valet til hausten.

– Eg syns me har fått til ei god lista med ein fin miks av nye og erfarne politikarar, fortel Rydland Sæbø, som vidare skryter av lokallaget i Fitjar.

– Det er kjekt at me har eit aktivt lokallag, der folk møter opp, er engasjerte og ikkje er redde for å seia kva dei meiner. Medlemmane våre har allereie kome med mange gode framlegg til saker me bør ta med i programmet vårt.

Kvinner på topp

– Me hadde eit luksusproblem under nominasjonsmøte vårt. Me hadde utruleg mange gode kandidatar som ville stå høgt oppe på lista vår, og måtte har votering om fleire av topp-plassane, fortel Gro Rydland, leiar i Fitjar senterparti.

Ho fortel vidare at dei fekk sett saman ein liste med 21 namn, 9 damer og 12 menn.

– Me er nøgd med fordelinga av menn og kvinner, sjølv om det er litt færre kvinner kan me skryta over at 4 av 5 på topp er kvinner. I tillegg fekk me god aldersspreiing og kandidatar med mange ulike yrkesbakgrunnar.

- Annonse -

Fitjar Senterparti si liste til kommunevalet 2019 ser dermed slik ut:

  • Karen Elisabet Rydland Sæbø 1978 Veterinær
  • Kristian Skumsnes 1977 Kyrkjetenar/ gardbrukar
  • Grete Marit Veka Maraas 1959 Spesialhjelpepleiar
  • Lisa Instefjord Gilje 1982 Pedagog
  • Anja Montsko Austlid 1987 Revisormedarbeidar
  • Sigbjørn Tverderøy 1995 Maskinist
  • Geir Ingolf Strand 1979 Ingeniør
  • Signe Kvalsvik Rydland 1988 Tannlege
  • Katrine Aarbø Solheim 1988 Avløysar
  • Reidar Kloster 1959 Gardbrukar
  • Arve Rydland 1974 Vaktmeister
  • Lillian Kongestøl Vik 1980 Vernepleiar
  • Jens Gaute Aarbø 1964 Gardbrukar
  • Geirmund Mikal Drønen 1955 Pensjonist
  • Bård Inge Bø 1977 Fysioterapeut
  • Unni Strand 1981 Student
  • Knut Vik 1959 Båtbyggar
  • Gro Rydland 1953 Lærar vidaregåande skule
  • Håkon Hovstad 1955 Pensjonist/torghandlar
  • Sverre Sæterbø 1972 Sjølvstendig næringsdrivande
  • Geir Arne Solbakken 1975 Lærar vidaregåande skule