Laurdag 25. april og søndag 26. april arrangerte Bømlo Karate Senter, treningssamling med landslagssjef Jose Dos Santos 5.Dan JKA. ( 5 grad svart belte. )

Det var 11 i frå Fitjar Karate Senter som deltok på denne samlinga.

Landslagssjefen hadde som vanleg harde, men lærerike treningar med dei vaksne, og han instruerte og brukte god tid på barnegruppa.

Alle barna koste seg når det var landslagssjefen sjølv, som trente dei. Ei oppleving dei seint vil gløyme.

Neste store samling Fitjar Karate Senter skal delta på er sommarleiren på Stord. Då kjem det instruktørar frå Japan, England og Norge.

Me gler oss.