Sju interesserte møtte opp på nybyrjarkurset til Fitjar Karatesenter i ettermiddag.

Kursleiar Sukhwinder Koløen presenterte sporten sin for sju små og store nybyrjarar i gymsalen på Øvrebygda skule før han gjekk laus på øvingane saman med to andre instruktørar, Bjarte Maraas og Geir Håkon Hillestad. Dei sju nye som møtte i dag var Hallstein Sæterbø, Linnea Kleppe Nordbustad, Markus A. Jakobsen, Leander Helland, Marie Bukkøy, Andrea Hillestad og Hans Christian Helland.

Fitjar Karatesenter er medlem i Norges Idrettsforbund gjennom Norges Kampsports Forbund, og i Norway Japan Karate Association. Dette garanterer for kvaliteten på instruksjonen, fortel Sukhwinder. Han må gjennom eksamenar kvart år for å halda på autorisasjonen sin som karateinstruktør. Dermed skulle ungdommen vera i trygge hender under kyndig leiing av kompetent personell i karateklubben.

Fitjar Karatesenter har medlemmer frå 7 til 50 år, både jenter og gutar. I byrjinga var dei fleste medlemmene gutar, men dei siste åra er det flest jenter som har byrja. – I dag er det både gutar og jenter her, og det set me pris på, seier Sukhwinder. Medlemskapen i Norway Japan Karate Association inneber kontakt med ein verdsomspennande organisasjon, med over 1000 karateklubbar i Japan, og klubbar i 109 land utanfor Asia.

Sukhwinder meiner karate er ein sport som passar for alle, ein våpenlaus sport som utviklar både fysikk og psyke. Det første dei ivrige nybyrjarane lærte, var å knyta hendene på rette måten, slik at ikkje tommelfingeren skal bli knekt om du er uheldig. Saman med Bjarte Maraas og Geir Håkon Hillestad viste Sukhwinder nokre enkle kata – mønsterteknikkar – for nybyrjarane. Og dei unge såg ut til å vera både ivrige og lærenæme.

Neste trening for nybyrjarane er allereie komande torsdag. På spørsmål om kor lenge kurset varer, svarer Sukhwinder kontant: – No blir dei med oss til dei får svart belte!