Frank Solli ser til at dei nye karateutøvarne får ned seg instruksjonen frå Sukhwinder Koløen. Foto: Kjetil Rydland.

Tysdag kveld opna hovudinstruktør Sukhwinder Koløen haustsesongen med nybyrjarkurs for åtte nye karateutøvarar i alle aldrar.

Fitjar Shotokan Karateklubb driv like aktivt som før, og har for tida 40 aktive utøvarar. Men ingen ting kjem av seg sjølv; difor driv dei eit aktivt rekrutteringsarbeid heile tida.

Tysdag kveld heldt hovudinstruktør Sukhwinder Koløen nybyrjarkurs saman med ein annan veteran i klubben, Frank Solli. Og åtte håpefulle kandidatar tok imot tilbodet og stilte opp, dei fleste unge, men og nokre godt vaksne.

Saman med medhjelparen sin gav Sukhwinder nykomarane ei første innføring i karate, med vekt på nyttverdien i å kunna sjølvforsvar, og på tenkjemåten i den japanske kampsporten.

Etter det me kunne sjå, tok aspirantane til seg den nye kunnskapen med ope sinn. For éin av dei var nok ikkje alt nytt, for Årstein Tislevoll var saman med Sukhwinder Koløen på den aller første karatreningar for VELDIG lenge sidan. No ligg nok Sukhwinder eit hestehovud føre den gamle naboen sin på Helland.

Torsdag er det ny trening, og dei åtte som møtte i kveld, kan ikkje venta til det blir torsdag og ny trening. Sukhwinder minner om at det framleis er ope for nye folk. Ta gjerne med nokon du kjenner! oppmodar han dei nye utøvarane.

.